Søk

Lene's lille verden!

Eit år i India

Månad

juli 2015

Første helga!

I helga har me vore ute på litt forskjellig. På fredag var me på jakt etter ein garnbutikk som eg hadde funne på nettet. Sjekka litt opp i da, viktig å veta kor det er!  Og siden ting tar litt tid her når ein skal kjøra nokon plass får me god tid til å kikka ut vinduet… Det er mykje rart å sjå på! Det er om å gjer å putta mest folk inni ein bil eller oppå ein sykkel. Berre føraren av sykkelen har hjelm går det vist heilt fint at barnet ditt ikkje har hjelm… Say no more… Eller så kjøre ein ikkje med hjelm i det heila… Og for all del, ikkje gløym å tut. Tut med du orka, heila tida.

Tut å kjør med heile familien!
Tut å kjør med heile familien!
Mala huset i sommar?? Bambus stilas it is!
Mala huset i sommar?? Bambus stilas it is!

Garnbutikken fann me, ein pitteliten butikk med med garn lagra i høyden. Dei berre klatra oppøve når eg hadde funne ut kva eg ville ha. Ullgarn, eit sikkert valg i Mumbais varme. 🙂

IMG_2448[1]
Målet mitt er forresten å bli lika brun som han i bakgrunnen…
Etterpå blei det litt shopping til ungane på eit senter før tolmodigheten deiras var slutt, då kjørte me til Leopold Cafe for favoritten, crispy chicken.

Det var eit terrorangrep på Leopold Cafe i 2008, og ein kan sjå kulehullene etter skytinga i veggane. Eg trur det blir ein del turar der. Sjøl om ikkje retten ser så god ut, kan eg berre sei at det er han. Sterkt og godt, med kald KingFisher (øl), tipp topp tommel opp!

imageimageEtterpå blei me dassblaute i regnet som kom og kjørte heim. Altså sjåføren vår kjørte oss heim, for det er jo ikkje mulig for oss å kjøra i trafikken her, då hadde da blitt kræsj ganske so fort. Då me kom heim var da rett i poolen for ungane, regn å bading går fint. Varmt og godt!

Bassenget på uteområdet vårt!
Bassenget på uteområdet vårt!

Søndag var me på tur i nasjonalparken, ilag med ei kollega av Roy. Me var på tigersafari og kikka litt på noken skumle tigrar. So var me oppi nokon grotter, der begynnte det jo selvfølgelig å regna.. igjen.. ungane syns det var kjekt og tok seg ein dusj i dusjane som var laga av grottefolket for 2000 vis av år siden… Inderane som var der bada i vatnet som rant nedover fjellsidene, det er jo sikkert ikkje ofta dei får gjer sånt. Vell og merka med alle klærne på… dongeribukse, jakke, sjal, sko. Fin tur med litt apekattar og litt tiger.

Klar for tiger-tur!
Klar for tiger-tur!
Mr.Tiger
Mr.Tiger
Let it rain!
Let it rain!
Folksomt i sklio!
Folksomt i sklio!
Monkey business
Monkey business
Trafikkork på vei ned! Me gjekk ned til bilen på ein parkeringsplass, men det er jo alltid nokon som må kjøra heilt fram til
Trafikkork på vei ned! Me gjekk ned til bilen på ein parkeringsplass, men det er jo alltid nokon som må kjøra heilt fram til «døro».
På vegen ned var det mangen ein kunne kjøpa seg ein agurk eller to, mango eller banan!
På vegen ned var det mangen ein kunne kjøpa seg ein agurk eller to, mango eller banan hos!
Akkurat ja, akkurat den informasjonen eg skulle ha!
Akkurat ja, akkurat den informasjonen eg skulle ha!

Den store reisen!

Då var me kommen ned her. Har sove godt i natt etter ei lang reisa. Det blei ikkje så mykje søvn på flyene. Oliver hadde ein kvil i dubai, Casper var klovn og hadde danseshow på flyplassen, noko øvetrøtt…. Og han syns det var svært mangen utenlandske folk der når me skulle ombord i flyet fra dubai til mumbai… hallo?? Hehe! Navnet dubai blei og plutselig til dumbai, men sånn er det kanskje når ein skal fra dubai til mumbai? Å laga eit felles navn for dei to?

image
Ein sliten kar på flyplassen i dubai!

Men omsider landa me i mumbai og siden Roy sa han alltid hadde fått bagasjen sin, mangla me selvfølgelig ein koffert. Den kofferten med ungane sine klær, og SELVFØLGELIG strikkepinnane mine….krise! Men etter mykje snikksnakk med nokre so jobbar der, blei kofferten lokalisert i dubai. Heldigvis, den fekk me i dag tidlig, så då slapp eg fyka heim igjen å kjøpa meg nye strikkepinnar.

Dagen igår blei til med shopping i matbutikken for å fylla opp kjøleskapet, trur eg må ha litt god tid der å kikka kva ting egentlig er. Men det er ikkje lett når det er 100 personer som jobber i butikken som står og reklamere for ting som du «kanskje» treng. Kjenne der må eg berre omstilla meg med ein gong, ellers kan da klikka for meg. Eg er jo sånn som går ut av butikken berre nokon spør meg om eg treng hjelp…

Roy var spandabel igår og bestillte mat heim i leiligheten. Ungane sin favoritt frå sist me var her: hakka nuddles med kylling og reker. Da smakte, og med noko lam i ein godsterk saus til oss voksne så blei da jo riktig so godt. Å bestilla mat her var jo supert, både prismessig og smaksmessig! Trur ikke eg komme til å slita ner da kjøkkenet me har for å sei da sånn…

image
Take Away middag jum jum!

Idag skal eg bruka dagen til å rydda på plass ting i leiligheten. Ungkarsleiligheten treng ein touch av at da skal bu ein familie her eit år. No har me spist god frokost, ungane fekk seg pancakes, da smakte vist lika godt som sist me var her. Roy er på jobb og ungane leker på lekerommet, mens eg drikk kaffi. Dessuten har eg fått meg indisk telefon-nummer. Skikkelig bra!

Frokost
Frokost

Pakket og klar!

Ja no er koffertane pakka og me har forlatt kåravikjo. Masse ein må tenka på når ein skal pakka for eit år… Sjølvsagt har eg pakka «narkotikaen» min: vakumsugd pose med store mengder garn. Tempurputo mi blei óg vakumsugd ilag med ein slange,pingvin,sel og katt. Vel og merka desse er bamsar og ikkje kjæledyr…

Vakumposar likar me!!
Vakumposar likar me!!

No sit me i stavanger og skal sova her ei natt. Første fly i morgen formiddag, stavanger-oslo- dubai- mumbai. Då er det hadetpåbadet norge, så får me sjå kva detta indiske livet har å by på då. Kan bli spennande!

Litt vemodig å reisa frå familie, venner og ikkje minst Fiffi. Men Fiffi er i gode hender hos Besto og Jeje, og det er me utrulig takknemlige for! Ungane syns det er trygt å tenka på.

Klar til avreise!
Klar til avreise!

Hei!

Tenkte eg skulle skrive litt om turen vår til India, der me skal vera i eit år. No er det ca ei veke til me reiser og me må vell snart begynna å pakka….

Ei spennande tid me har føre oss! Eg er vell og ein god del spent på ungane sine vegne med tanke på at dei skal gå på amerikansk skule. Men so longt ser da ut so dei tar da med knusande ro….

Håpa eg komme til å vær flink til å skriva (litt sånn amatør på da) å legga ut bilder, og at noken syns det er kjekt å følga med på oss!

Blogg på WordPress.com.

Opp ↑