I helga har me vore ute på litt forskjellig. På fredag var me på jakt etter ein garnbutikk som eg hadde funne på nettet. Sjekka litt opp i da, viktig å veta kor det er! Og siden ting tar litt tid her når ein skal kjøra nokon plass får me god tid til å kikka ut vinduet… Det er mykje rart å sjå på! Det er om å gjer å putta mest folk inni ein bil eller oppå ein sykkel. Berre føraren av sykkelen har hjelm går det vist heilt fint at barnet ditt ikkje har hjelm… Say no more… Eller så kjøre ein ikkje med hjelm i det heila… Og for all del, ikkje gløym å tut. Tut med du orka, heila tida.


Garnbutikken fann me, ein pitteliten butikk med med garn lagra i høyden. Dei berre klatra oppøve når eg hadde funne ut kva eg ville ha. Ullgarn, eit sikkert valg i Mumbais varme. 🙂
Det var eit terrorangrep på Leopold Cafe i 2008, og ein kan sjå kulehullene etter skytinga i veggane. Eg trur det blir ein del turar der. Sjøl om ikkje retten ser så god ut, kan eg berre sei at det er han. Sterkt og godt, med kald KingFisher (øl), tipp topp tommel opp!
Etterpå blei me dassblaute i regnet som kom og kjørte heim. Altså sjåføren vår kjørte oss heim, for det er jo ikkje mulig for oss å kjøra i trafikken her, då hadde da blitt kræsj ganske so fort. Då me kom heim var da rett i poolen for ungane, regn å bading går fint. Varmt og godt!

Søndag var me på tur i nasjonalparken, ilag med ei kollega av Roy. Me var på tigersafari og kikka litt på noken skumle tigrar. So var me oppi nokon grotter, der begynnte det jo selvfølgelig å regna.. igjen.. ungane syns det var kjekt og tok seg ein dusj i dusjane som var laga av grottefolket for 2000 vis av år siden… Inderane som var der bada i vatnet som rant nedover fjellsidene, det er jo sikkert ikkje ofta dei får gjer sånt. Vell og merka med alle klærne på… dongeribukse, jakke, sjal, sko. Fin tur med litt apekattar og litt tiger.








27/07/2015 at 17:56
Såå kjekt å sjå masse bilder av dåke og alt da rara dåke ser!
LikarLikt av 1 person
27/07/2015 at 19:12
Guri kor masse dåke gjere på! Herje på du Lene og finne ut av ting. Tøft😘
Veldig kjekt å lesa!
Me e i Danmark og trur nok da e regntid her og😆
LikarLikt av 1 person
27/07/2015 at 20:51
Så kjekt å lese vennen 😙 glede meg til mer
LikarLikt av 1 person
27/07/2015 at 23:05
Åååå kor spennande detta e ☺️ Dåke får jo oppleva alt mulig 😄
Likte den garnbutikken 😂 E da ull garn? Eller kva er vanlig der nede?
LikarLikt av 1 person
28/07/2015 at 06:11
Ullgarn ja! Baby ull og hadde dei. Får testa ut om da e skikkelige saker. Kosta jo ingenting. 7kr for eit nøsta med babyull!
LikarLikar