No har ungane begynt å ta bussen til skulen. Det går veldig fint. De spise ein muffins på vei heim å syns det er topp. Neste veke skal dei begynne med aktivitetar etter skulen, Casper skal ha fotball to gonger i veka og Oliver fotball ein dag og forskning ein dag. Mens dei er på skulen prøve eg å finna på ting. Eg er så heldig som har møtt kjekke Lone, ho er frå Danmark og har budd her ei stund. Ho tar meg med på mangen forskjellige ting. Og då får eg treffe mangen kjekke folk. Så hadde det ikkje vært for Lone så trur eg det hadde blitt veldig kjedeligt her i begynnelsen.




På mandag var me på Mahjong. Kinesisk spill. Mangen tegn å symbol som ein må setta seg inn i. Litt vanskelig men eg håpar på å læra det kjapt å bli supergod hehehe! Veldig koslige folk som var med i spillegruppa, ein inkluderandes gjeng frå forskjellige land. Når me måtte gå var eg heilt varm i toppen, hjernen min jobba på spreng hehe!

Tirsdag var me i quiltegruppe. Sy og strikk, noko for meg! Då kjørte me til ein anna bydel som heite Navi Mumbai. Ein nyare bydel, men ser lika trashy ut som resten av Mumbai. Ingen som bruka maling på huset sitt her som skal vare i 12 år eller noko sånt… Og når dei soper utenfor huset sitt, soper de dritten bare litt borti veien, så neste vindkast så er det tilbake der det var. Jaja øve til det me egentlig var der for… Det var ei koslig dama der som broderte indiske broderi. Oi, det var så fint. So etterpå kjørte me til bydelen vår og ho viste meg nokre småbutikkar der eg kjøpte litt stoff, perler og tråd. Så no mangle eg berre ein ting så skal eg og prøva meg på det. Håpa eg får det til. Så kan eg ramma da inn å henga da på veggen min når eg kjem heim.


Angåande vegg, me var på ein resturant ein kveld sammen med nokre vennar. Der hadde dei store akvarier på veggen med masse forskjellige fiskar, store og små. Og masse små akvarier rundt omkring i resturanten. Kjempegod mat! Alt du kunne tenka deg. Tilogmed Casper spiste litt og, men mest dessert då. Det var buffet så kunne velga nett det du ville ha. Eg sa til ungane at dei godt kunne kvila litt før me gjekk ut, eg kjenne dei jo så godt at eg veit Oliver vil gå heim rett etter han har skuffla maten inn… Så han låg der på ein stol og lata som han sov. Det tok og ein evighet av tid då me skulle kjøra heim den kvelden, dagen etterpå var det independence day. Fridag for inderane og mangen som var ute å kjørte… Brukte sånn ca 20 min opp bakken til bygningen der me bur, tar som vanlig berre nokre få minutt.





Idag var eg med Lone til en gruppe som heiter mumbai connections. Det er ei gruppe med mennesker fra rundt omkring i verden som bur i Mumbai og gjer forskjellige ting saman. Idag var det coffee morning i ein liten butikk i ein anna bydel. Litt klær, accessories og litt nips. I eine avdelingen solgte ei dama sine ting som ho hadde laga, masse fine ting som skrin, puter, brett, brikker ol. Eg snopa meg eit skrin, syns det var så fint! Etterpå hadde me lunsj, eg, to danske og ei svensk. På ein heilt fantastisk plass, med sjøen, deiligt. Og supergod mat. Ahh.. Digg dag!


Siste kommentarar