Dagane går litt i det samma no før skulen startar for ungane. Det er lite vits i å gå i butikkar og kjøpesenter med to apekattar. Dei likar seg bedre ved bassenget og det er ingen problem med å bada i 4 timar non stop. Eg kan no fortella litt om korleis me bur. Det er i eit leilighetskompleks på ni etasjar. Me bur i sjuende og har flott utsikt. Kan hende det flyr forbi ein papegøye og to når me kikke ut stove-glaset. Leiligheten vår er ikkje så veldig stor, men eg håpar jo å ikkje vere der meste parten av tida. Det er mangen langtidsbuande her, så ein har anledning til å bli kjent med å vere sosial viss ein ønsker det. Området er trygt, så eg er ikkje redd for at ungane kan gå rundt her åleine. Dei styrer på med heis og heiskort, kjekt at dei lærer det. Dei skal jo tross alt bu her lenge!

image
Svømme-bassenget der me bur! Her kjem me til å vær ein del tenke eg!
image
Her bur me. I sjuande etasje!

Frokosten spiser me nede i frokostsalen. Der kan me få det me vil ha. Ungane har spist pannekaker siden me kom, kanskje snart på tide å få i dei noko anna? Me får sei dei fortsatt har ferie… Neste veke begynner skulen her nede, det skal bli spennande. Skulen er amerikansk, so dei skal bli gode i engelsk. Me var ein kveld på besøk hos nokre engelske som Roy kjenner, dei hadde to guttar på samme alder. Og sjølv om våres ikkje kunne engelsk so godt, klarte dei å kommunisera på ein måte allikavell. Det var veldig kjekt å treffe dei, dei går og på den samme skulen.

På lørdag fekk eg «fri» frå kidso og var på shopping med to kjekke damer som bur samme plass som oss. Litt kjekkare å gå i butikkar uten apekattane mine kan du sei. Då fekk eg no kjøpt meg litt knask. Me koste oss med god mat og drikke, avslutta kvelden på ein plass som heiter Breeze. Det var ein uteplass utendørs høgt oppi eit bygg, fantastisk utsikt over bydelen som me bur i. Forresten la eg merke til at eg var den einaste blonde der, kanskje eg må farga håret mitt svart for å gli meir inn i miljøet, hehe, ikkje sikkert eg kan vera blond her heller for har høyrt at det er ikkje så lett å gå te frisøren å lysna håret uten at det blir pissegult eller eg mistar det… Hmmm…

image
Utsikten frå uteplassen me var på i helga! Fantastisk var den!

Ellers har me vore å utforska litt i dagligvare-butikkane. Idag f.eks kjøpte eg meg ein yoghurt som smakte skikkelig ekkelt, så det blir ein del testing testing her. I helgo so var me på eit kjempestort handlesenter alla» obs heima. Me handla litt inn til leiligheten, glass, bestikk, asjettar å slikt. Roy hadde ei teskje og ølkrus… Hehe! Han hadde andre ting og also men da va litt i øvekant mangen ølkrus og skikkelig manko på teskjeer. Me begynne vell å komma i orden no!

Reklame