Søk

Lene's lille verden!

Eit år i India

Månad

september 2015

Ganesh og litt slange-kos!

I elleve dagar har dei feirt Ganesh her i India. Alltid noko å feira. Ganesha er den morsomme guden i hinduisme, gud for visdom og intelligens. Første dagen er bursdagen til Ganesha. Folk kjøper ganesha figurer og desse skal hyllast på dag 3, 5 og 7 alt etter familianes tradisjon. Den 11.dagen skal dei følga figuren sin til ein sjø, innsjø eller elv, der dei skal «sjøsetta» ganeshaen sin. Då går dei å dansar og spelar trommer og musikk frå heimplassen sin til den plassen dei skal hiva figuren uti. Nokre ganeshaer er kjempestore, andre små. Det er vell alt etter kor mykje pengar dei legg i det.

Me gjekk bort til den store utsettelsen den 11.dagen. Ein spasertur frå der me bur. Masse folk, leven å musikk. Eg syns det er heilt merkelig at dei kan bli så oppslukt av ein gud. Voksne menn som dansar og tilber guden sin… Ganske spesiellt å sjå. Me var der litt, tok bilder og såg. Men som alltid er det alltid mangen som vil ta bilde av oss og. Heilt greitt viss det bare er nokre få bilder som blir tatt, men enkelte kan jo ikkje gi seg… Spesiellt av ungane, då må me gi beskjed! Me gjekk heim og kom akkurat i tide heim før rakettane begynte å smella rundt omkring, godt var det. Det er ikkje akkurat snakk om vernebriller eller «godkjente» rakettar her i gården… Her er det skyt med ein orkar… Uansett om du er 5år eller 70år…

image
Ganesha
Turistar deluxe
Turistar deluxe
Guttane med ein indisk gutt med masse glitter og rødfarge på seg!
Guttane med ein indisk gutt med masse glitter og rødfarge på seg!
Her er ein stor Ganesha, som blir heist uti med krane!
Her er ein stor Ganesha, som blir heist uti med krane!
Her er ein Ganesha utpå ein lekter, klar til å skubbast uti!
Her er ein Ganesha utpå ein lekter, klar til å skubbast uti!
Ganesha
Ganesha
meg og ein Ganesha
meg og ein Ganesha
røykelse og tilbedelse av Ganesha
røykelse og tilbedelse av Ganesha

Torsdag i uken som var, var eg på sjokoladekurs med ei gruppe som eg er med i. Powai explorers. Mangen kjekke folk som møtes ein gang i mnd og finner på noko. Denne gangen var det sjokolade som stod på planen. Morsomt, lærerikt og veldig godt! Der fekk me laga litt sjøl, og me såg og når kokken laga og forklarte. Eg blei inspirert til å gjør dette når eg kommer heim, så kanskje heimalaga sjokolade på klubb når eg kommer til norge igjen???

Kokken Tor... Ehh Lene
Kokken Tor… Ehh Lene
Nammm appelsin trøffler
Nammm appelsin trøffler
Ferdig pynta med sjokolade og pynt
Ferdig pynta med sjokolade og pynt
Her er den ordentlige kokken Tor hehehe
Her er den ordentlige kokken Tor hehehe
Sjokolade fyllt med jordbærkrem!
Sjokolade fyllt med jordbærkrem!

Også har eg og Mette (kollega av Roy) vært hos ei sydama. Det kan jo bli spennande. Ho viste oss mangen flotte kjolar som ho hadde sydd, så rekna med at det skal bli bra. Då var me heima hos ho, i ein indisk heim. Svært lite møblar, lite lys, ingenting på veggane og ei vifta som surra å gjekk i taket. Ho skal sy ein saree (indisk «wrapkjole») til meg, som eg skal bruka på dewali. Og ein kjole som eg kan bruka til finare anledningar. Er spent på korleis da komme til å sjå ut.

Heftig diskusjon her om kjole sying hehe!
Heftig diskusjon her om kjole sying hehe!

Sist helg reiste me til nabo byen Pune. Då kjørte sjåføren oss tre timar, så var me framme. Fint hotell, med god mat og kjekt basseng. Lørdagen skulle me til Zoo’en. Det skulle vær ein slangepark der. Men for å komma der måtte me ta taxi, då sjåføren vår kjørte tilbake og skulle henta oss igjen på søndagen. Meeeen det var jo ikkje ein einaste taxi å sjå i gatene der… Så då måtte me ta rickshaw (tuk-tuk). Veit ikkje kor lang tid me brukte der til men det var ikkje ein svipptur for å sei da sånn. Men me kom no fram til slutt og dyreparken var kjekke den. Mest imponerande var alle slangane. Det var jo så mangen. No er no ikkje slangar det mest aktive dyret å sjå på då, men alle fira var veldig fornøydde med å ha sitt cobra og kongecobra + ein del andre giftige slangar. Etterpå såg me tiger, kvit tiger. Kjempestore og kjempeflotte. Områdene dei hadde å gå på var store, så det såg skikkelig ut. Også er jo dei i det rette klimaet og. Gribb var det og, masse kule forskjellige ugler, leopard. Men parkane her har ikkje noko kiosk, spiseplassar ol. Så var glad me kjøpte vatn utenfor og tok med oss inn, ellers hadde vell gribben spist oss til slutt hahaha!

Hotell er gøy!
Hotell er gøy!
Mr. Big Snake
Mr. Big Snake

Då me begynte å bli sulten og lei av å trakka rundt skulle me ta rickshaw til ein plass i byen med masse butikkar og resturantar. Me blei lurt, rickshawsjåføren kjørte oss ein plass som me ikkje ante kor var. Rullegardino gjekk ned på både meg å Roy… Tilslutt fekk me snakka med nokon om kor me var og bestemte oss for å berre gå på ett kjøpesenter. Alltid trygt da. Så var da avgårdekåre i ein rickshaw til før me endelig kom fram, og til unganes store glede hadde dei chillis der. Då blei det ein laaaaang lunsj der. Øltørste og sultne som me var. Ungane fekk brus also… Men me var enige om at det var ein kjekk tur og forda om me hadde ett tjukt lag med forurensing og støv i trynet etter x antall timer i rickshaw, så får me ta det med oss som ein erfaring rikare. Og rickshaw redselen min er overvunnet. Hehe. Søndagen kom sjåføren vår og henta oss. Kjempefint vær, nydelig natur, flott utsikt fra fjellene og utover landskapet. Ein liten stopp for å ta bilder. Kjekt å sjå noko anna ein bare by.

image
To gode venner på tur!
Turist bilde
Turist bilde
Wow, ingenting å klaga på utsikten vertfall!
Wow, ingenting å klaga på utsikten vertfall!

Shot up!

I går var me på ein bar, shot bar. Med eige drinkekart for shots. Dette kan bli farligt tenkte eg men det gjekk så fint atte. Først litt god mat. Her i India pleier me å bestille mangen forskjellige smårettar, så dele me på alt så får ein smaka på mangen forskjellige ting. Ein ganske grei ting å gjer. Etterpå etter litt mojito så kunne shotsene berre komma på løpende bånd. Først ut: «bubblegum-shot». Her holdt det med ein, elles kunne det lett blitt ein kvalmandes aften…

bubblegum shot
bubblegum shot

Etterpå var det «flying kiwi» og «shot the f**k up»  mangen fantastiske namn på desse shotsa.

image

Also eg gjer meg til på bildene. Dei hadde ikkje så kjapp virkning.
Also eg gjer meg til på bildene. Dei hadde ikkje så kjapp virkning.
Berre syns navnene på mangen av shotsa var så kule!
Berre syns namnene på mangen av shotsa var så kule!

Så ville me prøva chilli-shot. Fire in the mouth. Svei godt nedover halsen og kjente da ei stund på lippene etterpå. Så til slutt måtte me ha den kulaste shotten som stod på menyen, «my Brown ass». LOL. Då hadde me det løye ganske lenge med namnet på den shotten. Bak oss der me satt var det ei tavla, som me kunne skriva på. Det var mangen rare ting som stod på den tavla i løpet av kvelden. På både engelsk, norsk, rumensk og bulgarisk.

image

My Brown Ass
My Brown Ass

image

Morsomt. Også sååå kjekke drikkevennlige prisar då. Me tar berre vekk sista sifferet i summen så har du cirka pris i norske kroner. Enkelt å greitt. Hadde blitt nokre lappar av detta skulle ein gjort dette heima i Norge.

Så når drinkane og shottane var drukket opp var det til å få My Brown Ass inni bilen og bli kjørt heim.

Takk for i aften and shot the f**k up!

Bursdagsfeiring!

Idag er Casper 7år. Hipp hipp hurra! Dagen byrja ved to trøtte tryner (meg og Roy) tente lys på ein muffins og song «Happy birthday to you». Aldri før har han våkna så kjapt… kl. er 06.00. Off, tidlig, så når ungane og Roy var ute av døra kraup eg oppi senga igjen og sovna… fortjent! Casper gjekk på skulen med sekken full av mini-muffinser som han skulle dela med klassen sin. Han hadde fleire igjen når dagen var ferdig så alle på bussen heim hadde og fått, bussjåfør, vakten og damo som passar på dei, «thank you for the cake madam» sa dei når dei kom heim med bussen, koslig!

For ein flott 7åring!
For ein flott 7åring!

Me feirte bursdagen på søndag, då var det visst ein gud her nede og som hadde bursdag, Lord Krishna. Då feirar dei med å henge ei keramikk-krukke fyllt med yoghurt og melk høgt over bakken. Det var fordi denne guden likte spesiellt godt melkeprodukt og for at ikkje han skulle gå rundt å spise alt dette hos bøndene, hang de melkeproduktene høgt over bakken så han ikkje rakk opp. Og på fødselsdagen hans gjer dei nettopp det, heng ei krukke med yoghurt høgt oppe for så å lage ein mennesklig pyramide for å få ned denne krukka. Tidligare lagte dei kjempehøge pyramider der dei brukte kanskje ungar på toppen, nokon datt ned og skada seg for livet eller døde… men det er ikkje lov lenger. No må du vær voksen mann. Og ein er nødt til å halde på til krukka er knust.

krishna
Lord Krishna!

Denne pyramiden laga dei i hagen her me bur. Av dei som jobbar her på bygget og nokre frivillige av dei som bur her, blandt anna Roy. Dei blir spylt på med vannslange for at det skal bli vanskligare, noko som enda i at han som sto på toppen falt ned å skada seg… slo seg skikkelig og måtte på sjukehus. Det såg skikkelig vondt ut, trur ikkje han står på toppen der neste år for å sei det sånn… Iallefall krukka vart knust til slutt og då kunne alle dansa glade etter høg indisk musikk som durte øvedøvande frå høgtalarane..

Ikke gjør dette hjemme..
Ikke gjør dette hjemme..
Pyramiden der dei skulle få tak i den krukka!
Pyramiden der dei skulle få tak i den krukka!
Farlig farlig!
Farlig farlig!
Roy var med, rein å fin etterpå!
Roy var med, rein å fin etterpå!

Midt i detta hadde Casper bursdags-selskap. Han hadde invitert alle guttane i klassen, dei er ikkje så mangen men kjekkast å kunna få helsa på dei å bli kjent med dei. Også hadde han hatt seg ein runde på huset her og invitert dei voksne vennane våres. Me var i bassenget så det vart ganske så folksomt der. Det hadde sikkert vært litt meir avslappa og intimt viss ikkje den guden og hadde bursdag (han tok litt for mykje av æra den dagen asså..), for det var jo så mykje som skjedde samtidig og masse folk. Men Casper var fornøyd han og det er det viktigaste. Mangen kjempeflotte gaver fekk han, strålandes fornøyde gutt!

Familien i 715!
Familien i 715!
Flotte undervannsbilder tatt av Stein, kollega av Roy!
Flotte undervannsbilder tatt av Stein, kollega av Roy!
Bursdagsbarnet!
Bursdagsbarnet!
Superkul storebror!
Superkul storebror!

Namaste!

Namaste! Betyr Hei og hå! God dag! På indisk.. Trur eg. Dei seier iallefall da når du sige forbi. Og alle spør How are you? Good, Fine, Allright… Eller egentlig har eg lyst å sei (eller skrika) Stop asking me this stupid question everyday, you don’t even care how I’m doing anyway…
Eller ein morgon spørte dei meg ikkje, eg var sylte forkjølt og såg misserabel ut der eg satt å spiste frokost. Då spurte han eine meg om han skulle ringe ein lege for eg såg så dårlig ut… Då SER du dårlig ut då…

Utsikten frå den nye leiligheten!
Utsikten frå den nye leiligheten!

I helga så var me i ett lekeland/aktivitetshall. Ein del simulatorar, spill, go-cart, trampoliner osv. Me skulle prøva simulator kino, heiv oss inni, eg høyrte dei snakka om rollercoster, eg sa nei for ungane var med. Kinoen begynte og me var rett på tur i ein berg og dalbane… Med bevegande seter og skikkelig levande bilder ante eg kor dette kom til å enda. Hyl og skrik frå Casper og Oliver, og ikkje nok med det, då kom det ein slange som pusta på deg «live»… Her var det berre til å hiva seg på nødstopp knappen og få stoppa greiene. Ungane for ut av kinoen, dei grein og skalv. Alltid høyr på hu mor seie no eg….

Redde guttar!
Redde guttar!

Etterpå fann me trampoliner og der kosa dei seg ei god stund. Store radiobiler hadde dei og, noko som var supergøy ifølge ungane. Så plassen blei kjekk sjølv om det ikkje starta så bra… Så me skal tilbakers der!

image

image

image

image

image

Det som var super morsomt, var når me kjørte til den plassen. Då satt det ein kar med briller på. Sjekk bildet. Det såg så naturlig ut. Nettsom den alltid gjekk med briller…. LOL så dei seier…

image

image

Eller heilt vanlig å kjøra slik på motorveien….

image

Blogg på WordPress.com.

Opp ↑