Idag er Casper 7år. Hipp hipp hurra! Dagen byrja ved to trøtte tryner (meg og Roy) tente lys på ein muffins og song «Happy birthday to you». Aldri før har han våkna så kjapt… kl. er 06.00. Off, tidlig, så når ungane og Roy var ute av døra kraup eg oppi senga igjen og sovna… fortjent! Casper gjekk på skulen med sekken full av mini-muffinser som han skulle dela med klassen sin. Han hadde fleire igjen når dagen var ferdig så alle på bussen heim hadde og fått, bussjåfør, vakten og damo som passar på dei, «thank you for the cake madam» sa dei når dei kom heim med bussen, koslig!

For ein flott 7åring!
For ein flott 7åring!

Me feirte bursdagen på søndag, då var det visst ein gud her nede og som hadde bursdag, Lord Krishna. Då feirar dei med å henge ei keramikk-krukke fyllt med yoghurt og melk høgt over bakken. Det var fordi denne guden likte spesiellt godt melkeprodukt og for at ikkje han skulle gå rundt å spise alt dette hos bøndene, hang de melkeproduktene høgt over bakken så han ikkje rakk opp. Og på fødselsdagen hans gjer dei nettopp det, heng ei krukke med yoghurt høgt oppe for så å lage ein mennesklig pyramide for å få ned denne krukka. Tidligare lagte dei kjempehøge pyramider der dei brukte kanskje ungar på toppen, nokon datt ned og skada seg for livet eller døde… men det er ikkje lov lenger. No må du vær voksen mann. Og ein er nødt til å halde på til krukka er knust.

krishna
Lord Krishna!

Denne pyramiden laga dei i hagen her me bur. Av dei som jobbar her på bygget og nokre frivillige av dei som bur her, blandt anna Roy. Dei blir spylt på med vannslange for at det skal bli vanskligare, noko som enda i at han som sto på toppen falt ned å skada seg… slo seg skikkelig og måtte på sjukehus. Det såg skikkelig vondt ut, trur ikkje han står på toppen der neste år for å sei det sånn… Iallefall krukka vart knust til slutt og då kunne alle dansa glade etter høg indisk musikk som durte øvedøvande frå høgtalarane..

Ikke gjør dette hjemme..
Ikke gjør dette hjemme..
Pyramiden der dei skulle få tak i den krukka!
Pyramiden der dei skulle få tak i den krukka!
Farlig farlig!
Farlig farlig!
Roy var med, rein å fin etterpå!
Roy var med, rein å fin etterpå!

Midt i detta hadde Casper bursdags-selskap. Han hadde invitert alle guttane i klassen, dei er ikkje så mangen men kjekkast å kunna få helsa på dei å bli kjent med dei. Også hadde han hatt seg ein runde på huset her og invitert dei voksne vennane våres. Me var i bassenget så det vart ganske så folksomt der. Det hadde sikkert vært litt meir avslappa og intimt viss ikkje den guden og hadde bursdag (han tok litt for mykje av æra den dagen asså..), for det var jo så mykje som skjedde samtidig og masse folk. Men Casper var fornøyd han og det er det viktigaste. Mangen kjempeflotte gaver fekk han, strålandes fornøyde gutt!

Familien i 715!
Familien i 715!
Flotte undervannsbilder tatt av Stein, kollega av Roy!
Flotte undervannsbilder tatt av Stein, kollega av Roy!
Bursdagsbarnet!
Bursdagsbarnet!
Superkul storebror!
Superkul storebror!