I elleve dagar har dei feirt Ganesh her i India. Alltid noko å feira. Ganesha er den morsomme guden i hinduisme, gud for visdom og intelligens. Første dagen er bursdagen til Ganesha. Folk kjøper ganesha figurer og desse skal hyllast på dag 3, 5 og 7 alt etter familianes tradisjon. Den 11.dagen skal dei følga figuren sin til ein sjø, innsjø eller elv, der dei skal «sjøsetta» ganeshaen sin. Då går dei å dansar og spelar trommer og musikk frå heimplassen sin til den plassen dei skal hiva figuren uti. Nokre ganeshaer er kjempestore, andre små. Det er vell alt etter kor mykje pengar dei legg i det.

Me gjekk bort til den store utsettelsen den 11.dagen. Ein spasertur frå der me bur. Masse folk, leven å musikk. Eg syns det er heilt merkelig at dei kan bli så oppslukt av ein gud. Voksne menn som dansar og tilber guden sin… Ganske spesiellt å sjå. Me var der litt, tok bilder og såg. Men som alltid er det alltid mangen som vil ta bilde av oss og. Heilt greitt viss det bare er nokre få bilder som blir tatt, men enkelte kan jo ikkje gi seg… Spesiellt av ungane, då må me gi beskjed! Me gjekk heim og kom akkurat i tide heim før rakettane begynte å smella rundt omkring, godt var det. Det er ikkje akkurat snakk om vernebriller eller «godkjente» rakettar her i gården… Her er det skyt med ein orkar… Uansett om du er 5år eller 70år…

image
Ganesha
Turistar deluxe
Turistar deluxe
Guttane med ein indisk gutt med masse glitter og rødfarge på seg!
Guttane med ein indisk gutt med masse glitter og rødfarge på seg!
Her er ein stor Ganesha, som blir heist uti med krane!
Her er ein stor Ganesha, som blir heist uti med krane!
Her er ein Ganesha utpå ein lekter, klar til å skubbast uti!
Her er ein Ganesha utpå ein lekter, klar til å skubbast uti!
Ganesha
Ganesha
meg og ein Ganesha
meg og ein Ganesha
røykelse og tilbedelse av Ganesha
røykelse og tilbedelse av Ganesha

Torsdag i uken som var, var eg på sjokoladekurs med ei gruppe som eg er med i. Powai explorers. Mangen kjekke folk som møtes ein gang i mnd og finner på noko. Denne gangen var det sjokolade som stod på planen. Morsomt, lærerikt og veldig godt! Der fekk me laga litt sjøl, og me såg og når kokken laga og forklarte. Eg blei inspirert til å gjør dette når eg kommer heim, så kanskje heimalaga sjokolade på klubb når eg kommer til norge igjen???

Kokken Tor... Ehh Lene
Kokken Tor… Ehh Lene
Nammm appelsin trøffler
Nammm appelsin trøffler
Ferdig pynta med sjokolade og pynt
Ferdig pynta med sjokolade og pynt
Her er den ordentlige kokken Tor hehehe
Her er den ordentlige kokken Tor hehehe
Sjokolade fyllt med jordbærkrem!
Sjokolade fyllt med jordbærkrem!

Også har eg og Mette (kollega av Roy) vært hos ei sydama. Det kan jo bli spennande. Ho viste oss mangen flotte kjolar som ho hadde sydd, så rekna med at det skal bli bra. Då var me heima hos ho, i ein indisk heim. Svært lite møblar, lite lys, ingenting på veggane og ei vifta som surra å gjekk i taket. Ho skal sy ein saree (indisk «wrapkjole») til meg, som eg skal bruka på dewali. Og ein kjole som eg kan bruka til finare anledningar. Er spent på korleis da komme til å sjå ut.

Heftig diskusjon her om kjole sying hehe!
Heftig diskusjon her om kjole sying hehe!

Sist helg reiste me til nabo byen Pune. Då kjørte sjåføren oss tre timar, så var me framme. Fint hotell, med god mat og kjekt basseng. Lørdagen skulle me til Zoo’en. Det skulle vær ein slangepark der. Men for å komma der måtte me ta taxi, då sjåføren vår kjørte tilbake og skulle henta oss igjen på søndagen. Meeeen det var jo ikkje ein einaste taxi å sjå i gatene der… Så då måtte me ta rickshaw (tuk-tuk). Veit ikkje kor lang tid me brukte der til men det var ikkje ein svipptur for å sei da sånn. Men me kom no fram til slutt og dyreparken var kjekke den. Mest imponerande var alle slangane. Det var jo så mangen. No er no ikkje slangar det mest aktive dyret å sjå på då, men alle fira var veldig fornøydde med å ha sitt cobra og kongecobra + ein del andre giftige slangar. Etterpå såg me tiger, kvit tiger. Kjempestore og kjempeflotte. Områdene dei hadde å gå på var store, så det såg skikkelig ut. Også er jo dei i det rette klimaet og. Gribb var det og, masse kule forskjellige ugler, leopard. Men parkane her har ikkje noko kiosk, spiseplassar ol. Så var glad me kjøpte vatn utenfor og tok med oss inn, ellers hadde vell gribben spist oss til slutt hahaha!

Hotell er gøy!
Hotell er gøy!
Mr. Big Snake
Mr. Big Snake

Då me begynte å bli sulten og lei av å trakka rundt skulle me ta rickshaw til ein plass i byen med masse butikkar og resturantar. Me blei lurt, rickshawsjåføren kjørte oss ein plass som me ikkje ante kor var. Rullegardino gjekk ned på både meg å Roy… Tilslutt fekk me snakka med nokon om kor me var og bestemte oss for å berre gå på ett kjøpesenter. Alltid trygt da. Så var da avgårdekåre i ein rickshaw til før me endelig kom fram, og til unganes store glede hadde dei chillis der. Då blei det ein laaaaang lunsj der. Øltørste og sultne som me var. Ungane fekk brus also… Men me var enige om at det var ein kjekk tur og forda om me hadde ett tjukt lag med forurensing og støv i trynet etter x antall timer i rickshaw, så får me ta det med oss som ein erfaring rikare. Og rickshaw redselen min er overvunnet. Hehe. Søndagen kom sjåføren vår og henta oss. Kjempefint vær, nydelig natur, flott utsikt fra fjellene og utover landskapet. Ein liten stopp for å ta bilder. Kjekt å sjå noko anna ein bare by.

image
To gode venner på tur!
Turist bilde
Turist bilde
Wow, ingenting å klaga på utsikten vertfall!
Wow, ingenting å klaga på utsikten vertfall!
Reklame