Ups lenge siden sist… Dagane fyke avgårde. Me har og vore litt sjuke. Forkjøla, feber og anna rask som ikkje treng komma på trykk…hehe.. Også har jo mamma, Rigmor og Odd Rune vært her i 15 dagar. Mamma og Rigmor fekk shoppa og Odd Rune fekk bada seg i bassenget. Trur dei var fornøydde med da. Mens dei var her feira Roy 40-års dagen sin på Rude Lounge, ein uteplass me likar godt. Der var det god mat, god drikke, alle me kjente og god stemning. Festen var vellykka og eg trur alle kosa seg.
No har eg vore på marked. Med Lone, mamma og Rigmor. Uendligt mykje frukt og grønnsaker. Trur du kan finna da mesta der på markedet. Einaste i ein del av markedet så solgte dei dyr… Eg berre kikka bort, men gjekk ikkje heilt inn i delen. Stakkars dyr. Trur eg hadde måtta kjøpt rubbel og bit av alt der viss eg hadde gått skikkelig å sitt. Meeeen så kryssa me veien og då kom me til tekstil markedet. I’m in heaven!!!! Da var så mykje stoff og tøy å få kjøpt at eg såg ingen ende på da. Selvfølgelig gjekk me der på den varmaste dagen ever her siden eg kom. Men no veit eg kor da er og der skal eg jaggu meg igjen, ha god tid og kikka rundt i kver ein krok. Eg kjøpte noko tøy som eg har brukt til den sygruppa eg er i. Me skal laga eit stort bilde kver, med indiske motiv. Knall-kjekt. Knall kjekke folk. Ein av mine favoritt ting å gjer i veko er å gå i den gruppa.
Fotball kamp har me og vore på. Mumbai mot chennai (trur eg..hoho). Kjekk opplevelse å få med seg. Flott stadion. Også kjekt å sjå på mumbai supportera som jubla kjempemasse når motstandarane scora… Det var det løgnaste. Rakettar og greier, ungane syns opplevelsen var kjempegøy!
Også har eg jo hatt bursdag sjøl og. Heile 34 år. Hipp hurra… Først fekk eg blomster og kaka av Desi på døra kl seks om morgenen. Så gjekk eg ned i frokostsalen med Roy og ungane. Der kom dei med kaka og alle dei kjekke danske og norske vennane våras song bursdagsong. Mangen flotte gaver fekk eg og. Etterpå var eg i sygruppa, der fekk eg jaggu meg kaka og sang der og. Kjekt å ha bursdag i India. Dagen blei avslutta med middag på Chillis etter ungane sitt ønske.
Igår reiste Lone og Henrik heim til Danmark for godt. Veldig trist. Alle kjem til å savna dei. Men me skal sjåast igjen, det er ein avtale! Ikkje langt fra Danmark til Norge!
Eg sleng ut litt bilder med kommentarar på, er ikkje alt eg kjem på å fortella om her no. Skal prøva å skriva litt oftare, sånn at eg huska kva som har skjedd. Hehe! Så her kjem ein litt bilder:









Siste kommentarar