Søk

Lene's lille verden!

Eit år i India

Månad

april 2016

Bilder og sånt…

Me har flytta i ny leilighet, borti sentrum av bydelen me bur i. Mykje bedre plass, roligare strøk og så enkelt å berre rusla ned på butikken. Så detta skulle me vell gjort for lenge sida, men me visste jo ikkje at det skulle være så bra med å bu i leilighet enn å bu på leilighetshotellet…. Jaja… Meg og ungane er jo snart ferdige i India så det blir Roy som skal bu her då. Av og til så syns eg det er enklare å legga ut masse bilder og heller skriva litt kommentarar til dei enn å skriva om alt så har skjedd, det skjer jo egentlig ikkje så mykje no lenger som det gjorde i begynnelsen når alt var nytt å spennandes. Me er jo blitt vant med alt her og har dei vanlige rutinane våres. Ungane går på skulen og har fått seg masse nye vennar. Dei snakkar flytandes engelsk no og kan kommunisera med alle. Eg legg ut litt bilder av litt forskjellige ting så kan dåke sjå.

image
Hunden Duke! Ioana har kjøpt seg hund. Den er sååååå søt, ein Shar Pei. Ein liten kompis!
image
Indisk mann på kryddermarked i Navi Mumbai.
image
Oliver er støtt og stadig hos tannlegen her nede… Alltid vondt i ei tann😂
image
Dagen er Holi og dette er før dei begynner…
image
Holi er ein vårfestival som assosieres med gudane Shiva og Krishna. Det er ein fargefestival der ein hiver fargar på kvarandre. Ein feirar skapelse og fornying. Fargane symboliserer at det skal bli eit friskt år med mange fargerike planter.
image
Oliver i hol-stemning!
image
Litt vanskelig å få av disse fargane… Så Casper han var grønn i ansiktet når me reiste til Dubai…
image
Casper i holi-stemning!
image
Ditta var alt eg hadde på meg… Livredd for at nåken skulle kleisa farge i håret mitt… Då hadde da ikkje gått utav.
image
Fredag og lokaløl, Bira. Godt!
image
Is på den hemmelige plassen!
image
Art-festival på skulen. Der hadde dei stillt ut kunst fra alle elevane. Her er Oliver sitt kunstverk!
image
Og her er Casper sitt kunstverk, ein Halloween tegning..
image
Oliver var med og sang ein sang til slutt, Jai Ho, det var kjempekult. Eit stort kor, med stort band. Skikkelig stiligt! Dei kan da der!

Dubai

I påsken reiste me til Dubai for å besøke Lone og Henrik. Vennane våres ifra Danmark. Det vart ei kjempekjekk helg. Me var i badeland, akvarium, sightseeing med båttur, spiste masse god mat (hamburger, biff og anna kjøtt), me var på stranda så ungane fekk bada i sjøen. Ei kjempeflott helg. For ein flott by, som å komma inn i framtida. Veldig annerledes enn India…. Eg legg ved nokre bilder frå turen.

image
Atlantis- badeland
image
Marinaen, utsikt fra leiligheten til Lone og Henrik. Fantastisk!
image
Lone og Casper i water-taxi. Den dagen var det sightseeing!
image
Gutta boys, Oliver, Roy og Henrik!
image
Verdens dyreste hotell Burj al arab!
image
Turisten Lene😂
image
Byen sett fra sjøen, i midten verdens høgaste tårn, Burj Khalifa, 828 meter høg, 160 etasjer!
image
Sheik Casper og Sheik Oliver!
image
The twisted building, Cayan Tower! Stilig. Så mangen flotte bygg i Dubai!
image
I Gold-souk ligger verdens største gull ring. 60 kg. Wow!
image
Bling bling, gull i store mengder!
image
Aldri sett så mykje gull som her!
image
Mangen utstillingsvindu med ufattelige smykker…
image
Eller kva med ein kjole som er laga av gull?
image
Endelig litt strandliv…
image
Flott strand, reint og fint!
image
Deiligt å kunne svømma i sjøen!
image
Siste dagen, ingen ville reisa der ifrå…

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑