Me har flytta i ny leilighet, borti sentrum av bydelen me bur i. Mykje bedre plass, roligare strøk og så enkelt å berre rusla ned på butikken. Så detta skulle me vell gjort for lenge sida, men me visste jo ikkje at det skulle være så bra med å bu i leilighet enn å bu på leilighetshotellet…. Jaja… Meg og ungane er jo snart ferdige i India så det blir Roy som skal bu her då. Av og til så syns eg det er enklare å legga ut masse bilder og heller skriva litt kommentarar til dei enn å skriva om alt så har skjedd, det skjer jo egentlig ikkje så mykje no lenger som det gjorde i begynnelsen når alt var nytt å spennandes. Me er jo blitt vant med alt her og har dei vanlige rutinane våres. Ungane går på skulen og har fått seg masse nye vennar. Dei snakkar flytandes engelsk no og kan kommunisera med alle. Eg legg ut litt bilder av litt forskjellige ting så kan dåke sjå.
Hunden Duke! Ioana har kjøpt seg hund. Den er sååååå søt, ein Shar Pei. Ein liten kompis!Indisk mann på kryddermarked i Navi Mumbai.Oliver er støtt og stadig hos tannlegen her nede… Alltid vondt i ei tann😂Dagen er Holi og dette er før dei begynner…Holi er ein vårfestival som assosieres med gudane Shiva og Krishna. Det er ein fargefestival der ein hiver fargar på kvarandre. Ein feirar skapelse og fornying. Fargane symboliserer at det skal bli eit friskt år med mange fargerike planter.Oliver i hol-stemning!Litt vanskelig å få av disse fargane… Så Casper han var grønn i ansiktet når me reiste til Dubai…Casper i holi-stemning!Ditta var alt eg hadde på meg… Livredd for at nåken skulle kleisa farge i håret mitt… Då hadde da ikkje gått utav.Fredag og lokaløl, Bira. Godt!Is på den hemmelige plassen!Art-festival på skulen. Der hadde dei stillt ut kunst fra alle elevane. Her er Oliver sitt kunstverk!Og her er Casper sitt kunstverk, ein Halloween tegning..Oliver var med og sang ein sang til slutt, Jai Ho, det var kjempekult. Eit stort kor, med stort band. Skikkelig stiligt! Dei kan da der!
I påsken reiste me til Dubai for å besøke Lone og Henrik. Vennane våres ifra Danmark. Det vart ei kjempekjekk helg. Me var i badeland, akvarium, sightseeing med båttur, spiste masse god mat (hamburger, biff og anna kjøtt), me var på stranda så ungane fekk bada i sjøen. Ei kjempeflott helg. For ein flott by, som å komma inn i framtida. Veldig annerledes enn India…. Eg legg ved nokre bilder frå turen.
Atlantis- badelandMarinaen, utsikt fra leiligheten til Lone og Henrik. Fantastisk!Lone og Casper i water-taxi. Den dagen var det sightseeing!Gutta boys, Oliver, Roy og Henrik!Verdens dyreste hotell Burj al arab!Turisten Lene😂Byen sett fra sjøen, i midten verdens høgaste tårn, Burj Khalifa, 828 meter høg, 160 etasjer!Sheik Casper og Sheik Oliver!The twisted building, Cayan Tower! Stilig. Så mangen flotte bygg i Dubai!I Gold-souk ligger verdens største gull ring. 60 kg. Wow!Bling bling, gull i store mengder!Aldri sett så mykje gull som her!Mangen utstillingsvindu med ufattelige smykker…Eller kva med ein kjole som er laga av gull?Endelig litt strandliv…Flott strand, reint og fint!Deiligt å kunne svømma i sjøen!Siste dagen, ingen ville reisa der ifrå…
Lørdag 30.januar var det Festival of nations på skulen til ungane. Då skulle alle land representerast i ein parade med flagg, musikk frå landet, og ein kunne ha på seg noko frå sitt land. Det er 4 ungar frå Norge, gutta boys og to søte jenter. Jentene hadde bunad og Casper hadde ein norge fotballdrakt, men siden norge er så dårlige i fotball fortalte me oss sjøl at det kunne vær ein håndballdrakt. Oliver hadde på seg mariusgenseren som eg hadde strikka til han. Han var riiiiimelig varm når paraden var over kan du sei….Men der trur eg alle var for det var ganske så varmt der den dagen. Det var 44 forskjellige land på skulen og Norge var 4.sist på scenen. Var mangen flotte land å sjå på, men du blir jo ekstra stolt øve dei søtaste fra Norge då! Som gjekk på scenen etter felemusikk forann mange 100. Tøffinga!
Dei kjempeflotte og søte ungane fra Norge!Heia Norge!Oliver var visst ein pop fyr å fotografera, bilder av han frå American school sida på fb.Bilde fra American school sida frå fb.
Etter paraden hadde alle land sin egen stand. Me hadde ein skandinavisk stand, Norge, Danmark og Sverige. Me hadde Lego, snøkrystaller, snømann, troll, pippi, bilde av nokre forfattera, vikinghjelmar, mm. Var mykje me kunne hatt men å få tak i ting her nede i India er ikkje alltid så lett. Svenskane hadde bakt kanelbullar, danskane hadde danske kjeks og lakris, og eg hadde med 1kg brunost som eg hadde med meg fra norge. Då fekk alle smaka. Dei fleste syns det var veldig godt, men det var nokon som lagde grimasar når dei snudde ryggen til. Eg trur det var samme reaksjon på lakrisen. Ikkje alle som likte det heller. Me hadde og ein stor plakat med flagga våres på med kongefamiliane under. For det syns me var ein god ide!
Elevane frå IndiaAnd ofcourse U.S.A.Korea, med sine flotte nasjonaldraktar.Japan med sine kuuule kimonoer.Tyskland, med sangen 99 luftballoons i bakgrunnen, så til slutt slapp dei ballongane i lufto. Stilig!Danmark!Sverige!And Norway!!!! ( + ei linselus…)
Eg tok faktisk bilde av alle landa når dei var på scenen men legg berre ut nokre av dei.
Ellers kunne ein gå rundt å sjå kva alle dei andre landa hadde å tilby, masse spennande smaksprøvar og ting som ein kunne prøva. Veldig kjekt!
Lørdag 23.januar reiste me 5 jenter på tur til Goa. Meg, Ioana frå Romania, Cecile frå Frankrike, Ineke frå Belgia og Cristina frå Spania. Goa er ein annan stat her, ca 1time med fly. Der har dei flotte strender og me kan bada i sjøen, imotsetning til her i Mumbai. Maten i Goa er heilt fantastisk og ein legg glatt på seg litt der hehehe.
Kjekke jenter på tur!
Me budde på Hard Rock Hotel. Kul plass. Me blei varmt mottatt av ein gjeng feststemte folk ved bassenget/baren då me ankom hotellet. Så då var det berre til å bestilla seg nokre drinkar då, siden det var lørdag. Me spurte ein som jobba der kor me kunne gå ut der, han anbefalte ein kjekk plass med god live musikk og god mat. Då gjekk me der og der var det kjempekjekt. Sjukt bra musikk og god mat, vannpipo kom på bordet og det var gooood stemning!
Kul plass, heilt nytt!Flott basseng område på hotellet! Såg faktisk ut sånn i virkligheten som det gjorde på bildet når me bestillte! 🙂Her kosa me oss med drinks, god mat og vannpipa med epletobakk!
Dette bandet var jo faktisk noko av det bedre eg har høyrt på laaaange tider, spilte allslags musikk! Veldig bra!
Om dagen var me på stranda. Nokre av oss ville få med seg litt sightseeing, der er ikkje eg heilt med, likar meg best i slapp av stil på strando. Ikkje var eg heilt i form heller etter lørdagens festligheter (lure på koffår?) Så det blei nokre kvilar der på solsenga i løpet av dagen, før dagen ved stranda blei avslutta med nokre Breezer i solnedgang!
Heilt fantastisk å berre ligga å sløva på strando!Kjeme alltid ei ku ruslandes….Litt folksomt i slutten her…men men
Det var republic day her på tirsdagen, derfor var det mangen indere som hadde tatt seg ei langhelg i Goa. Nokre har vell ALDRI sitt kvite folk før, og «alle» tok bilder av oss. Enten det var åpenlyst eller dei prøvde seg på snikfotografering. Det var veldig irriterandes då… Må vær sjukt slitsomt å vær superstjerna, heldigvis var dei mennene som eigde solsengene veldig kjekke og snakka til og tok telefonane til folk som hadde tatt bilde og sletta dei. Så dei passa no litt på oss! Men det var herlig å berre ligga å sløva der og gjer ingenting.
Veldig slitsomt når me skulle ut i sjøen å bada og. For da førsta så kan jo INGEN indera svømma. Og dei som trur dei kan da plaska jo så sjukt at det ser ut som dei holde på å drukna… Nokre av dei sku vell imponera oss «kvite» og plaska rundt oss så me fekk ikkje fred. Slitsomt. Men eg har vore i Goa før og veit det er ikkje så ekstremt som det var den helga. Men takk og lov for at eg ikkje hadde med meg ungane, det hadde ikkje vore noko kjekk opplevelse.
Siste kvelden var me på ein flott resturant. I den staten me bur er det forbudt med oksekjøtt….Kua er hellig… men her i Goa er det lov, så då fleska eg til med ein skikkelig biff middag, og du hendelse kor godt. Løye kor mykje du savna ting som du ikkje visste du savna før du ikkje kan få det. I mumbai går det kun i kylling og sjømat. Det var vell og ein grunn til me hadde kylling fri måned då me var heima på juleferie. Du kan bli rimelig LEI av kylling also. Så den biffen var super!!
God mat og god vin!Litt fancy, kjøre gjerna gryterett eg hehehe, men da va veeeldig godt!
Ja ja sånn kan da gå… hehe. Tida gjekk så fort før jul, også reiste me endelig heim. Glede. Tida før jul så var det juleselskap og juleavslutningar og alt sånt som høyrer jula til. Ungane gleda seg voldsomt til å reisa heim på besøk og treffa Fiffi, venner og familie. Eg og. Pakking var gøy, 115kg hadde me med oss heim. Julapresangar og alt mulig rart. Heima fekk alle treffa dei dei ville og alt var kjekt. Eg trur me fekk litt julastemning når me kom på gamle trakter, for julastemning i india går ikkje an å få.
No er me komt ned igjen og her er det litt kjøligare enn når me var her sist. No er det nett som ein flott veldig varm norsk sommar. Idag har eg sotte ute å strikka å slappa av. Da skal eg gjer mest disse siste mnd. Berre lææksan. Ungane er komt seg å skulen igjen og alt er som før. Myggen er her enda…satt ute i 5 min. i går og har 7000 myggstikk som kløøøør. Gløymte å ta myggkrem på. Så alt er som før.
No er det hærligt varmt her nede. Berre for å sei det til alle dåke der heima… Ikkje for varmt slik det var for nokre veker sidan, men no går det faktisk å sitta ute uten at svetten renner. Då er det deiligt å ligga med bassenget i solsteiken og bli brun til eg skal heim til jul. ÅÅÅÅÅ det gler eg meg så til. Å komma heim å treffa alle igjen. Då har me vore her i 5mnd. Det er lenge og det skal bli så godt å komma heim. Trur me alle har heimlengsel no.
Raraste eg har sitt, svømmehetta… Va kun hol til auger og munn. Måtte ta eit snikbilde!Juhu beach i Mumbai. Forurensa der så det går ikkje ant å bade…2gull som nyter fridagen sin!På marked!GullunganePynta med lys utenfor der me bur, Dewali!
Eg fere jo rundt å fartar på dagane. Nokre veker er supertravle og då treng eg virkelig ein kviledag med bassenget hehe!
For nokre veker sidan var me på eit veve-senter. Det syns eg var interessant å sjå på. Dei vevde flotte tepper og store veggheng. Utrulig kor fort det gjekk og ein kunne jo sjå at desse mennene hadde gjort dette nokre gongar kan ein sei.
Dei dreiv og med blockprinting, trykte forskjellige mønster på tøystykker. Kjekt å sjå på. Etterpå gjekk me på ein resturant og åt god indisk lunsj. Nam nam!
På skulen der ungane går feirar dei sjølvsagt halloween. Det er jo amerikansk. Då var eg på skulen og såg halloween-parade. Masse kuuule kostymar og liv å tjo hei på amerikansk vis. Casper var skummel vampyr og Oliver var skummelt gresskar.
Dei hadde og sportsdag på skulen. Kjempeopplegg med masse forskjellige lekar dei konkurrerte i. Dette var vist den kjekkaste dagen dei hadde hatt på skulen seier ungane. Og eg var så heldig så fekk vere med å sjå på. Etterpå var det lunsj på skulen, og då snakka me god lunsj. Knallgod mat og alt du kunne tenka deg.
The Eagle, maskotten til american school of bombay!Skummel og søt vampyr!Gresskaren Oliver
Endelig kom Liv Marit ned her. Det har eg gledd meg sånn til og har hatt store planar om kva me skulle gjer. Ho har nok iallefall shoppa nok hehe. Trur ho sitt her no å angrar kvifor ho ikkje bestillte ein ekstra koffert på flyet heim. Me har vore på marked, shopping-mall, litt rundt på småbutikkar, sitt gateway of India, vært inne å snoka rundt på Taj Mahal hotellet, spist god mat rundt omkring, og selvfølgelig solt og bada. No står berre toppen av kransekako igjen, i dag flyr me til Goa. Der skal me berre kosa oss og ikkje bry oss med noko ting. Fytti katta!
Øl på rude lounge!Ein bitteliten butikk med tuuusenvis av bånd. Sååå masse fint!Gateway of IndiaLiv Marit på shopping. Gøy!!
Ups lenge siden sist… Dagane fyke avgårde. Me har og vore litt sjuke. Forkjøla, feber og anna rask som ikkje treng komma på trykk…hehe.. Også har jo mamma, Rigmor og Odd Rune vært her i 15 dagar. Mamma og Rigmor fekk shoppa og Odd Rune fekk bada seg i bassenget. Trur dei var fornøydde med da. Mens dei var her feira Roy 40-års dagen sin på Rude Lounge, ein uteplass me likar godt. Der var det god mat, god drikke, alle me kjente og god stemning. Festen var vellykka og eg trur alle kosa seg.
No har eg vore på marked. Med Lone, mamma og Rigmor. Uendligt mykje frukt og grønnsaker. Trur du kan finna da mesta der på markedet. Einaste i ein del av markedet så solgte dei dyr… Eg berre kikka bort, men gjekk ikkje heilt inn i delen. Stakkars dyr. Trur eg hadde måtta kjøpt rubbel og bit av alt der viss eg hadde gått skikkelig å sitt. Meeeen så kryssa me veien og då kom me til tekstil markedet. I’m in heaven!!!! Da var så mykje stoff og tøy å få kjøpt at eg såg ingen ende på da. Selvfølgelig gjekk me der på den varmaste dagen ever her siden eg kom. Men no veit eg kor da er og der skal eg jaggu meg igjen, ha god tid og kikka rundt i kver ein krok. Eg kjøpte noko tøy som eg har brukt til den sygruppa eg er i. Me skal laga eit stort bilde kver, med indiske motiv. Knall-kjekt. Knall kjekke folk. Ein av mine favoritt ting å gjer i veko er å gå i den gruppa.
Fotball kamp har me og vore på. Mumbai mot chennai (trur eg..hoho). Kjekk opplevelse å få med seg. Flott stadion. Også kjekt å sjå på mumbai supportera som jubla kjempemasse når motstandarane scora… Det var det løgnaste. Rakettar og greier, ungane syns opplevelsen var kjempegøy!
Også har eg jo hatt bursdag sjøl og. Heile 34 år. Hipp hurra… Først fekk eg blomster og kaka av Desi på døra kl seks om morgenen. Så gjekk eg ned i frokostsalen med Roy og ungane. Der kom dei med kaka og alle dei kjekke danske og norske vennane våras song bursdagsong. Mangen flotte gaver fekk eg og. Etterpå var eg i sygruppa, der fekk eg jaggu meg kaka og sang der og. Kjekt å ha bursdag i India. Dagen blei avslutta med middag på Chillis etter ungane sitt ønske.
Igår reiste Lone og Henrik heim til Danmark for godt. Veldig trist. Alle kjem til å savna dei. Men me skal sjåast igjen, det er ein avtale! Ikkje langt fra Danmark til Norge!
Eg sleng ut litt bilder med kommentarar på, er ikkje alt eg kjem på å fortella om her no. Skal prøva å skriva litt oftare, sånn at eg huska kva som har skjedd. Hehe! Så her kjem ein litt bilder:
Satt og koste oss i paviljongen ein kveld. Selvfølgelig dreit da ei dua på meg. Også midt på handa då…Casper har mista eina framtanno. Den andre framtanno rauk nokre dagar etterpå når me var på fest for Henrik og Lone. Då var det noko herjing i sofaen, så røyk tanno. Så no er han tannlaus og kan ikkje gnaga på maiskolber hehe!MarkedBananer i laaaange baner
Kunne kjøpa alt der!Krydder… All slags krydder!
Mumbai fotballkamp!Heia heia!Endelig ser da ut som at Casper vil sykla… Bedre seint enn aldri er det noko som heiter…
I elleve dagar har dei feirt Ganesh her i India. Alltid noko å feira. Ganesha er den morsomme guden i hinduisme, gud for visdom og intelligens. Første dagen er bursdagen til Ganesha. Folk kjøper ganesha figurer og desse skal hyllast på dag 3, 5 og 7 alt etter familianes tradisjon. Den 11.dagen skal dei følga figuren sin til ein sjø, innsjø eller elv, der dei skal «sjøsetta» ganeshaen sin. Då går dei å dansar og spelar trommer og musikk frå heimplassen sin til den plassen dei skal hiva figuren uti. Nokre ganeshaer er kjempestore, andre små. Det er vell alt etter kor mykje pengar dei legg i det.
Me gjekk bort til den store utsettelsen den 11.dagen. Ein spasertur frå der me bur. Masse folk, leven å musikk. Eg syns det er heilt merkelig at dei kan bli så oppslukt av ein gud. Voksne menn som dansar og tilber guden sin… Ganske spesiellt å sjå. Me var der litt, tok bilder og såg. Men som alltid er det alltid mangen som vil ta bilde av oss og. Heilt greitt viss det bare er nokre få bilder som blir tatt, men enkelte kan jo ikkje gi seg… Spesiellt av ungane, då må me gi beskjed! Me gjekk heim og kom akkurat i tide heim før rakettane begynte å smella rundt omkring, godt var det. Det er ikkje akkurat snakk om vernebriller eller «godkjente» rakettar her i gården… Her er det skyt med ein orkar… Uansett om du er 5år eller 70år…
GaneshaTuristar deluxeGuttane med ein indisk gutt med masse glitter og rødfarge på seg!Her er ein stor Ganesha, som blir heist uti med krane!Her er ein Ganesha utpå ein lekter, klar til å skubbast uti!Ganeshameg og ein Ganesharøykelse og tilbedelse av Ganesha
Torsdag i uken som var, var eg på sjokoladekurs med ei gruppe som eg er med i. Powai explorers. Mangen kjekke folk som møtes ein gang i mnd og finner på noko. Denne gangen var det sjokolade som stod på planen. Morsomt, lærerikt og veldig godt! Der fekk me laga litt sjøl, og me såg og når kokken laga og forklarte. Eg blei inspirert til å gjør dette når eg kommer heim, så kanskje heimalaga sjokolade på klubb når eg kommer til norge igjen???
Kokken Tor… Ehh LeneNammm appelsin trøfflerFerdig pynta med sjokolade og pyntHer er den ordentlige kokken Tor heheheSjokolade fyllt med jordbærkrem!
Også har eg og Mette (kollega av Roy) vært hos ei sydama. Det kan jo bli spennande. Ho viste oss mangen flotte kjolar som ho hadde sydd, så rekna med at det skal bli bra. Då var me heima hos ho, i ein indisk heim. Svært lite møblar, lite lys, ingenting på veggane og ei vifta som surra å gjekk i taket. Ho skal sy ein saree (indisk «wrapkjole») til meg, som eg skal bruka på dewali. Og ein kjole som eg kan bruka til finare anledningar. Er spent på korleis da komme til å sjå ut.
Heftig diskusjon her om kjole sying hehe!
Sist helg reiste me til nabo byen Pune. Då kjørte sjåføren oss tre timar, så var me framme. Fint hotell, med god mat og kjekt basseng. Lørdagen skulle me til Zoo’en. Det skulle vær ein slangepark der. Men for å komma der måtte me ta taxi, då sjåføren vår kjørte tilbake og skulle henta oss igjen på søndagen. Meeeen det var jo ikkje ein einaste taxi å sjå i gatene der… Så då måtte me ta rickshaw (tuk-tuk). Veit ikkje kor lang tid me brukte der til men det var ikkje ein svipptur for å sei da sånn. Men me kom no fram til slutt og dyreparken var kjekke den. Mest imponerande var alle slangane. Det var jo så mangen. No er no ikkje slangar det mest aktive dyret å sjå på då, men alle fira var veldig fornøydde med å ha sitt cobra og kongecobra + ein del andre giftige slangar. Etterpå såg me tiger, kvit tiger. Kjempestore og kjempeflotte. Områdene dei hadde å gå på var store, så det såg skikkelig ut. Også er jo dei i det rette klimaet og. Gribb var det og, masse kule forskjellige ugler, leopard. Men parkane her har ikkje noko kiosk, spiseplassar ol. Så var glad me kjøpte vatn utenfor og tok med oss inn, ellers hadde vell gribben spist oss til slutt hahaha!
Hotell er gøy!Mr. Big Snake
Då me begynte å bli sulten og lei av å trakka rundt skulle me ta rickshaw til ein plass i byen med masse butikkar og resturantar. Me blei lurt, rickshawsjåføren kjørte oss ein plass som me ikkje ante kor var. Rullegardino gjekk ned på både meg å Roy… Tilslutt fekk me snakka med nokon om kor me var og bestemte oss for å berre gå på ett kjøpesenter. Alltid trygt da. Så var da avgårdekåre i ein rickshaw til før me endelig kom fram, og til unganes store glede hadde dei chillis der. Då blei det ein laaaaang lunsj der. Øltørste og sultne som me var. Ungane fekk brus also… Men me var enige om at det var ein kjekk tur og forda om me hadde ett tjukt lag med forurensing og støv i trynet etter x antall timer i rickshaw, så får me ta det med oss som ein erfaring rikare. Og rickshaw redselen min er overvunnet. Hehe. Søndagen kom sjåføren vår og henta oss. Kjempefint vær, nydelig natur, flott utsikt fra fjellene og utover landskapet. Ein liten stopp for å ta bilder. Kjekt å sjå noko anna ein bare by.
To gode venner på tur!Turist bildeWow, ingenting å klaga på utsikten vertfall!
I går var me på ein bar, shot bar. Med eige drinkekart for shots. Dette kan bli farligt tenkte eg men det gjekk så fint atte. Først litt god mat. Her i India pleier me å bestille mangen forskjellige smårettar, så dele me på alt så får ein smaka på mangen forskjellige ting. Ein ganske grei ting å gjer. Etterpå etter litt mojito så kunne shotsene berre komma på løpende bånd. Først ut: «bubblegum-shot». Her holdt det med ein, elles kunne det lett blitt ein kvalmandes aften…
bubblegum shot
Etterpå var det «flying kiwi» og «shot the f**k up» mangen fantastiske namn på desse shotsa.
Also eg gjer meg til på bildene. Dei hadde ikkje så kjapp virkning.Berre syns namnene på mangen av shotsa var så kule!
Så ville me prøva chilli-shot. Fire in the mouth. Svei godt nedover halsen og kjente da ei stund på lippene etterpå. Så til slutt måtte me ha den kulaste shotten som stod på menyen, «my Brown ass». LOL. Då hadde me det løye ganske lenge med namnet på den shotten. Bak oss der me satt var det ei tavla, som me kunne skriva på. Det var mangen rare ting som stod på den tavla i løpet av kvelden. På både engelsk, norsk, rumensk og bulgarisk.
My Brown Ass
Morsomt. Også sååå kjekke drikkevennlige prisar då. Me tar berre vekk sista sifferet i summen så har du cirka pris i norske kroner. Enkelt å greitt. Hadde blitt nokre lappar av detta skulle ein gjort dette heima i Norge.
Så når drinkane og shottane var drukket opp var det til å få My Brown Ass inni bilen og bli kjørt heim.
Siste kommentarar